Du må være innlogget for å få tilgang til alle nyheter! Logg inn eller opprett brukerkonto.

Velkomen, 2017!

Velkomen, 2017!

Endeleg er botnen nådd! Nå begynner oppturen. Av og til må ein bare bestemma seg for å sjå positivt på framtida. FOTO: Linda Tungland

Eg har bestemt meg. 2017 skal bli eit bra år. Nå kan det bare gå ein veg, og det er opp.

Tekst:

Publisert:

2016 har vore eit slikt forferdeleg år står det i avisene. Terroråtaka både i og utanfor Europa, kjente verdsstjerner som David Bowie og Leonard Cohen som har lagt inn årene, ein oljepris som ikkje har vore heilt på topp og ein norsk økonomi som har ført til at mange har mista jobbane sine. Neidå, det har ikkje vore det heilt store.

Om ikkje alt dette får nokon konkret påverknad på kvardagen til dei fleste av oss, så har nok veldig mange av oss, spesielt, her på olje-Vestlandet, merka at alt ikkje er like sjølvsagt og sikkert lenger.

Så har nå mange av oss hatt det veldig godt dei siste åra også. Eg har i alle fall ikkje vondt av å snu på krona litt. For andre enn meg er det langt verre enn som så.

Se bildet større

Eg elskar naturen me er omgitt av her i Ryfylke. Når kroppen ikkje tåler så mykje, treng eg ikkje gå lenger enn opp på Utsiktsveien (Barkastølsvegen) for å få god utsikt. FOTO: Elin Moen Karlsen

Eg har heile tida gått og lurt på kva tid botnen er nådd? Kor mange fleire bedrifter må permittera sine tilsette, kor mange fleire firma må bli slått konkurs og dei tilsette mista jobbane, før det begynner å gå oppover?

I regionavisa i dag las eg at neste rørsle går oppover når det gjeld oljekrisa og framtidsutsiktene, og det betyr i mitt hovud at botnen er nådd. Ein sjefsøkonom seier i avisartikkelen at ein nedgang ikkje varer evig, heller ikkje denne gongen. Takk, tusen takk!

Utgangspunktet for sjefsøkonomen sin uttale er Sparebank 1 SR Bank sitt årlege konjunkturbarometer, som seier noko om status i bedriftene på Sør- og Vestlandet og deira forventningar til framtida.

Bustadmarknaden, bygg- og anleggsbransjen, turistnæringa og eksportbedriftene er i ferd med å friskna til, men bedrifter der størstedelen av inntektene kjem frå oljå slit framleis.

Se bildet større

Av og til kan 388 meter over havet følast som ein stor siger. Utsikt frå Tunglandsfjellet på ein av mine altfor få turar denne hausten. FOTO: Elin Moen Karlsen

Her lokalt starta ikkje året så bra med at dei fleste tilsette i den tidlegare hjørnesteinsbedrifta vår, Stålverket, blei permitterte. Året 2017 hadde så vidt begynt då eit nytt terroråtak drap nattklubbgjester i Tyrkia.

Alle desse blodige terroråtaka har kome så nært oss i vår nye mediekvardag. Under nokre av åtaka i Europa kjem det ekstra nære då folk me kjenner merkar seg som «trygge» på sosiale medium i timane etter at terroristane har angripe.

Likevel, trass i at verda har blitt mindre og at me får mykje av det vonde som skjer heilt i fanget, trass i ein arbeidsmarknad med stadig fleire arbeidsledige, så har eg bestemt meg for å vera optimistisk med tanke på det nye året.

Se bildet større

Målet for 2017 er at eg skal bli heilt god i ryggen, slik at eg kan koma meg opp på Naganibba igjen. FOTO: Elin Moen Karlsen

Sjølv har eg i 2016 fått kjenna på korleis det er å vera langtidssjukemeldt (i alle fall for meg er det lenge), då eg fekk påvist prolaps i ryggen i haust. Det har vore ein bratt læringskurve.

Eg har lært at både fire- og åtteåringar med glede hjelper mora med å få på sokkane, at eg kan klara meg ganske godt utan for mykje bilkjøring, at det ikkje er dødeleg å keia seg, at fjellet ikkje forsvinn om eg ikkje går i det, at det heller ikkje er dødeleg med dårleg samvit med tanke på jobb og ekstrabelastning for kollegaer og at eg kan tåla ganske mykje så lenge eg veit at det går over.

Eg er så heldig å ha fått noko som går over, og slik er det med oljekrisa også, det går over, og nå har eg til og med fått ein sjefsøkonom med på laget. Eg har bestemt meg for at 2017 skal bli eit bra år.

Okey, så kan me ikkje «party like it’s 1999» lenger, men kven vil vel leva i fortida?

Se bildet større

For ein start på året og kvardagen i 2017 med snø! Kan det vera eit teikn på at dette blir eit knakande godt år? FOTO: Elin Moen Karlsen

Godt nytt år, folkens, og for de av dykk som er langt hardare råka av oljekrisa enn meg; tilgje meg min egoisme! Me må alle velja våre overlevingsstrategiar.

Se bildet større

Turane eg har gått dei siste månadene har ikkje vore så lange eller høge, men fint kan det vera likevel. Her frå Hestestien på Jørpeland. FOTO: Elin Moen Karlsen

Se bildet større

Dette bildet tok eg eigentleg bare med fordi eg synest det er morosamt og fordi det gjer meg glad. Kjæledyr kan gje mykje glede. FOTO: Elin Moen Karlsen

Se bildet større

Har ikkje fått vore like mykje i fjellet dei siste månadene som eg hadde tenkt, men eg veit at fjellet ventar på meg. FOTO: Elin Moen Karlsen

Nyheter fra andre aviser

Do NOT follow this link or you will be banned from the site!