Du må være innlogget for å få tilgang til alle nyheter! Logg inn eller opprett brukerkonto.

Tøffe tider

Tøffe tider

Når oljebransjen slit får det følgjer for så godt som alle bransjar i landet vårt. Det er eigentleg litt skremmande. FOTO: Linda Tungland

Oljebransjen var sikker som banken. Alle kunne få jobb i «oljå». Det var gode pengar å tena og herlege friperiodar å nytta på det du måtte lika.

Men så var verken banken eller oljebransjen sikker lenger. At me har levd litt for høgt i litt for mange år, er vel ikkje heilt usant, men likevel blir heile samfunnet her på vestkysten av landet vårt nå rysta i grunnvollane.

Kanskje burde landet og regionen ha utvikla fleire like solide bein å stå på som «oljå»? Kanskje skulle me ikkje ha satsa alt på eitt kort? Kanskje har me godt av å kjenna litt på at rikdommen vår ikkje er heilt sjølvsagt?

Se bildet større

Hytte ved sjøen er ein draum for mange og har også blitt ei verkelegheit for mange. Her frå Sandangervågen på Randøy. FOTO: Dag Anton Boge

Kanskje har me godt av det? Kanskje treng me ikkje ei hytte på fjellet i Sirdal eller Suldal, eller ved sjøen på Idse eller Randøy? Kanskje treng me ikkje to bilar i kvar familie, helst må den eine av dei vera ein stor SUV og den andre ein smekker Tesla? Kanskje treng me ikkje eit par Syden-turar i året?

Se bildet større

Det er vel ikkje heilt ein menneskerett å ha råd til ein SUV. FOTO: Pixabay.com

Ja, me treng nok å få litt kontakt med verkelegheita igjen, men likevel blir det vel brutalt for mange. Ingeniørar, som valde utdanninga og bransjen nettopp på grunn av at det skulle vera så trygt og føreseieleg, blir oppsagte. Folk som har jobba i turnus on- og offshore i heile sitt yrkesaktive liv, veit ikkje lenger om dei har jobb neste månad.

Ein ting er tala på papiret og effektivitet målt i kroner og øre, ein annan ting er liva til menneska dette går ut over. Då blir det å seia «dette har Norge godt av» som å spytta på dei som blir arbeidsledige på grunn av dagens krise.

Se bildet større

Det er tøffe tider i avisbransjen også. FOTO: Linda Tungland

Og når oljebransjen slit, slit alle bransjane i vår region. Også me i lokalavisbransjen. Annonsene blir færre, og då blir innteninga dårlegare og lønsutgiftene for høge. Og kva tid når me botnen?

Det er litt delte meiningar om me har nådd botnen, eller om botnen er endå djupare nede.

Eg har kanskje aldri vore så god på å vera optimistisk, men eg prøver alt eg kan å tru at det snart må snu. For det å ikkje vita om du har jobb i framtida gjev inga god kjensle.

Se bildet større

Det er få av oss som kan spå framtida, men dei usikre økonomiske tidene gjer nå liva til mange endå usikrare enn vanleg. FOTO: Pixabay.com

Det å ikkje vita trur eg er noko av det verste for oss menneske. Sjølvsagt kan mykje skje, som me aldri hadde kunna sjå på førehand og sjølvsagt kjenner me ikkje framtida vår, men likevel.

Når du har jobba fleire år i ein jobb så får du etter kvart ei tryggheit. Det er denne tryggheita som nå blir tatt frå oss. Eg kan leva med denne utryggheita ein periode, men ikkje eit heilt liv.

Måtte det snart snu!

Nyheter fra andre aviser

Do NOT follow this link or you will be banned from the site!