Du må være innlogget for å få tilgang til alle nyheter! Logg inn eller opprett brukerkonto.

Det enkle er ofte det beste

Det enkle er ofte det beste

Ungane likte verken fasongen på pizzaen eller den mørke sjokoladekaka som var forma som ein fotballbane då Hilde Hauge arrangerte barnebursdag for nokre år sidan. FOTO: Linda Tungland

Det er ikkje alltid det mor synest er ein god idé fell like godt i smak hos ungane i ein barnebursdag. Det enkle kan her også ofte vera det beste.

Tekst:

Publisert:

Oppdatert:
19.01.2016 kl 15:11

Eg har sagt det før i eit, og sikkert fleire, blogginnlegg (på min gamle blogg). Kvart år blir eg lika overraska over kor brått på bursdagane kjem.

Denne gongen prøvde eg å vera litt førebudd allereie i desember. Vurderte å senda med invitasjonar før jul ettersom bursdagen til Jonah allereie er andre skuledag etter ferien, men då er det nok betre med to dagers varsel per sms som det nå blei.

Se bildet større

Papp er ein enkel og sikker vinnar i barnebursdag. FOTO: Hilde Hauge

Så er det dekketøy og diverse som eg helst skulle hatt NÅ. Me kjører enkelt og greitt papp, men ikkje kva dekketøy som helst. Det var bestemt at temaet skulle vera Manchester United, men det er jo ikkje berre-berre å få tak i det rette på ein dag og to.

Nokon vil nok nå rista på hovudet av at eg gjer det vanskelig for meg sjølv og kanskje lagar kravstore ungar. Eg gjer dette for at eg synest det er kjekt. Ungane synest det er kjempestas å få velja tema, og eg gjer det nokså enkelt likevel. Eg har trass alt lært av det første barneselskapet me hadde for nokre år sidan.

Jonah blei då 5 år. Eg hadde laga ei fotallbanesjokoladekake som eg sjølv var svært nøgd med. Ikkje ville eg servere pølser for det synest eg sjølv (!) er så kjedeleg. Så eg laga pizzasnurrar. Men eg som har ein kresen son sjølv, burde jo visst at pizza i ein anna fasong kan vera ganske farleg.

Det enda med at eg måtte smøra skjeva til tre stykk, den eine skulle helst ha nugatti, men der går grensa for meg altså. Då var det nok plutseleg ti andre og som heller ville hatt skjeva. Kaka smakte nokre få på og eg fekk klar beskjed om at «Den likt eg kje!», «Den va kje go!».

Se bildet større

Fruktspyd og popcorn går ned på høgkant hos ungar. FOTO: Hilde Hauge

Mørk sjokoladekake anbefaler eg ikkje. Men popcornet fall i det minste i smak. Etter litt fekk eg spørsmål av bursdagsbarnet sjølv «Ka ti får me gåttepåsane?». Trur dykk eg hadde tenkt på det? Niks. Ikkje visste eg at det var obligatorisk.

Etter det har det blitt pølser med anten pølsebrød eller spagetti eller pannekaker, ein isboks snudd på hovudet på eit kakefat med masse nonstop og sjokoladesaus på og sjølvsagt godteposar MED namn og elles veldig enkle ting. Ikkje lage eg haugevis av alt heller.

Se bildet større

Heimelaga iskake: Snu ein isboks på hovudet, pynt med snop - ferdig! FOTO: Hilde Hauge

Eg plar å printe ut for eksempel Minni Mus-, Batman- eller Manchester United-emblem og lime på koppar, invitasjon og/eller godteposar. Og det som ofte er det mest morosame er brus med nye etikettar. Ungane mine synest det er kjempekjekt å bli med å klyppa og lima.

I år våga eg meg til å laga mini-Minni-pizza. Det starta med at tre stykk ikkje ville ha, men då er det jo greitt når mødrene er med og kan tvinga dei til å smaka. For jammen viste det seg at dei likte det likevel. Kjensleg. Det er ein grunn til at eg har fire, store bokstavar på kjøkkenveggen; SMAK.

Se bildet større

Minni-pizzaer klare til steiking. FOTO: Hilde Hauge

Gå gjerne inn på den gamle bloggen min www.feienogfjong.blogspot.no eller @feienogfjong på instagram for meir inspirasjon til bursdagar. Der har eg i alle fall Batman, Pippi, fotball, monstertruck og Doctor McStuffins.

Se bildet større

Bordet dekka til Manchester United-bursdag. FOTO: Hilde Hauge

Se bildet større

Det er inga tvil om kva engelsk fotballag som heng høgast. FOTO: Hilde Hauge

Se bildet større

United-emblem på brusflaska var ein suksess. FOTO: Hilde Hauge

Se bildet større

Glade ungar i fotballbursdag. FOTO: Hilde Hauge

Se bildet større

Minni Mus-tema. FOTO: Hilde Hauge

Se bildet større

Botnen til Minni-pizzaene. FOTO: Hilde Hauge

Nyheter fra andre aviser

Do NOT follow this link or you will be banned from the site!