Du må være innlogget for å få tilgang til alle nyheter! Logg inn eller opprett brukerkonto.

Skap blei omskapt

Skap blei omskapt

Hilde Hauge liker godt å gje gamle møbler nytt liv med litt oppussing. Denne gongen er det dottera som får eit nytt møbel på rommet. FOTO: Linda Tungland

Skapet til jenterommet skulle eigentleg vera i ein mintgrøn farge, men då interiørkonsulent Hilde Hauge ikkje hadde denne fargen på lager heime, blei det gult og rosa i staden.

Tekst:

Publisert:

Frida har lenge drøymt om å få ha kleda på rommet sitt. Eg har heldt litt igjen. Det er så enkelt å ha alle kleda samla i garderoben vår, med tanke på at dei skal på plass etter at dei er vaska, tørka og bretta. Enkelt er det jo, men det skal gjerast. EG må jo trass alt gå opp med det i tillegg. Latskap!

Men mor gav til slutt etter, og då eg plutseleg fekk åndå over meg for nokre veker sidan, malte eg skapet som har stått nede på ein bod. Eg har nok av maling ståande. I alle slags fargar.

Se bildet større

Hilde er glad for at ho slapp å ha det nymalte skapet på blomsterveggen. FOTO: Hilde Hauge

Sjølvsagt hadde eg planlagt å mala det i ein farge som eg trudde eg hadde, men som det viste seg at eg nok berre har tenkt at eg skulle ha. Mint/grønt. Det blei du vel sjokkert over å høyra?

Då det viste seg at eg ikkje hadde den, falt valet på gult og rosa. Eg såg for meg korleis det skulle bli, med litt ombré-teknikk (frå mørk til lys gult nederst) og plutseleg rosa litt tilfeldig midt på skapet. Då eg var ferdig var det heller så som så med resultatet, synest eg.

Se bildet større

Det nymalte skapet friskar opp på jenterommet. FOTO: Hilde Hauge

Heilt til eg fekk det på plass på rommet. Det passa jo heilt ypperleg. Og heldigvis passa det akkurat mellom vinduet og senga, så det slapp å stå på den fine blomstrete veggen som eg først trudde det måtte.

Ikkje alltid like lett å møblera rom med skråtak og låge knevegger. Frida er veldig fornøgd med skapet – og det må mor også innrømma at ho er. Så gjenstår det å sjå om ho (for så vidt begge) klarer å halda orden i kleda.

Se bildet større

Det ferdigmalte skapet på plass. FOTO: Hilde Hauge

Se bildet større

Fargevalet er ikkje heilt tilfeldig og passar godt inn. FOTO: Hilde Hauge

Se bildet større

Det er fleire rosa detaljar på jenterommet. FOTO: Hilde Hauge

Se bildet større

Fargerike detaljar. FOTO: Hilde Hauge

Se bildet større

«It's all in the details» er det noko som heiter. FOTO: Hilde Hauge

Nyheter fra andre aviser

Jærbladet

Solabladet

Sandnesposten

Bygdebladet

Gjesdalbuen

Dalane Tidende

Delta i debatten

Vil du kommentere sakene på Strandbuen.no?

Strandbuen benytter Disqus til debatt og til å kommentere saker og artikler. Du kan benytte innlogging/identifisering fra din Disqus-, Facebook-, Twitter- eller Google-konto for å poste kommentarer.

Nyheter på mobilen

Få de siste nyhetene på mobilen!

Dersom du åpner strandbuen.no fra en iPhone eller annen smarttelefon vil du få opp en tilpasset utgave tilpasset små skjemer.

Send inn tips

Nyhetstips? Skjer det noe?

Vi er takknemlige for alle slags tips.

Tips oss på 51 74 47 50 / 400 08 750 eller redaksjon@strandbuen.no. Du kan også tipse enkelt med mobiltelefon via SMS/MMS. Send SBU TIPS (skriv tipset) til 1963

Do NOT follow this link or you will be banned from the site!