Du må være innlogget for å få tilgang til alle nyheter! Logg inn eller opprett brukerkonto.

Utsyn til «alt»

Utsyn til «alt»

Bli med Leif-Ole på tur til Middagsåsen i Årdal. FOTO: Linda Tungland

Sjå til Trodlatysdal, Nes og Lauvåsen frå same plass! Det er kanskje ikkje heilt sant, berre delvis. Overskrifta lyg ikkje, men eg tek kanskje litt godt i. Alt kan vi ikkje sjå frå denne plassen eg vil skrive om i dag, men at du kan sjå sletta i Årdal, inn til Trodlatysdal, og opp til Nes i Årdal; det er sant!

Tekst:

Publisert:

Eg snakkar om Middagsåsen i Årdal. Det er visst naudsynt å poengtere dette, at det er i Årdal, for det er mange stader/åsar som har namnet «Middagsåsen». Eg har prøvt å Google dette, for å finne ut kvifor så mange steder har dette namnet, men har ikkje funne gode svar. Kanskje det har med sola å gjere?

Uansett; Middagsåsen i Årdal er turmålet denne gong. Eg lurer no litt på om «ås» er rett her, eller om det skulle heller hatt namnet «Middagsfjellet»? Toppen ligg på 388 meter over havet, og det er ganske snaut her.

Se bildet større

Åsmund, Hermann, Ove og Svein Petter ved den eine av dei to vardane, og med Øvre Tysdalsvatn i bakgrunnen. FOTO: Leif-Ole Terøy

Turen startar ved Riksveg 13, like nedanfor Tveitebrekka, cirka 100 meter før busstoppen. Det går to vegar inn på øvre side av Rv 13, og dei samlast i en liten parkeringsplass (opplagsplass for tømmer). Her står det òg eit skilt med orientering om turen.

Første del er litt kjedeleg, for då følgjer vi skogsvegen oppover, cirka ein kilometer. Første gong eg gjekk her kom «tvila over meg», kunne dette vere rett veg? Det var det, for vi kom til skiltet med pil til Middagsåsen. Det har gått jamt og trutt oppover hit, og no starter det for fullt. Ikkje veldig bratt, men er farten stor nok får ein løyst svetten. Det er ein godt vedlikehalden og merka sti.

Første del av stien endar i «Orrhøneskaret». Her passar det godt med ein liten pause, for å få igjen pusten, før tar vi opp til høgre. Sjølv om det no stig noko meir, så er trøysta at det ikkje er langt igjen til toppen. Det vil seie det er ikkje berre ein topp, det er to toppar med vardar her.

Se bildet større

Utsikt over Årdal, mot Riskedalsvatnet og Fistersendaren. Sendaren på Lauvåsen ser ein frå store delar av Ryfylke. FOTO: Leif-Ole Terøy

På den eine er utsikta god over Årdal, med Riskedalsvatnet og inn mot Trodlatysdal. Vidare ser ein mot Nes. På den andre ser ein meir austover, mot Lyngsheia og Tau. Det er vel verdt å ta ein god rast no, for her er mykje å sjå.

Til dømes kan ein her sjå Rage (Ragje?), som ligg på vestsida av Øvre Tysdalsvatn, eit stykke opp i fjellsida. Eg har ikkje vore der, men ser føre meg at her må det ha vore strevsamt å ta seg opp og ned. Nede ved vatnet finn ein Holmane. Dette er nok stader som dei som har tatt båt inn eller ut Øvre Tysdalsvatn vil kjenne igjen.

Ned igjen tek vi ein litt annan veg, det vil seie siste/første del er lik, til vi kjem ned i ei lita kløft/skar, då tek vi til høgre. Første del kan vere litt utfordrande, for vi må «klyve» litt, men ikkje verre enn at eg trur dei aller fleste klarere det.

Se bildet større

Flott utsikt mot Trodlatysdal, om lag midt i biletet, og Nes til høgre. Ser ein godt etter, vil ein og kunne sjå Holmane og Rage, litt til venstre i biletet. FOTO: Leif-Ole Terøy

Resten av turen er rein «planke», over ei myr (som kan vere våt), og så inn på ein skogsveg, den same som vi starte turen på. Den endar nemleg her opp ved myra.

Ei stund før vi kjem ned til vegskillet/stien til Middagsåsen, er det merkt med pil til ein utkikksplass. Ta den vesle avstikkaren, for her ser ein dei fleste gardane i Årdal, i alle fall frå Tjentland og ned mot sjøen. Så her kan vi stå her ei stund og lure på kven som bur kvar.
Ned til bilen er det berre å følgje skogsvegen.

God tur!

Se bildet større

Ei stund før du er heilt oppe, og etter ein perioden med stigning, er det godt å ta ein pust i bakken i «Orrehøneskaret». FOTO: Leif-Ole Terøy

Se bildet større

Så er det berre nedturen att; med Ullestad og Leite i bakgrunnen. FOTO: Leif-Ole Terøy

Se bildet større

Mot Valheim, med Eggjabø og Gjesfjell i bakgrunnen. FOTO: Leif-Ole Terøy

Se bildet større

Åsmund, Hermann, Ove og Svein Petter ved den andre varden på Middagsåsen. Nes i bakgrunnen. Kanskje diskuterer dei skogsvegane som går opp mot Lyngsheia? FOTO: Leif-Ole Terøy

Nyheter fra andre aviser

Jærbladet

Solabladet

Sandnesposten

Bygdebladet

Gjesdalbuen

Dalane Tidende

Delta i debatten

Vil du kommentere sakene på Strandbuen.no?

Strandbuen benytter Disqus til debatt og til å kommentere saker og artikler. Du kan benytte innlogging/identifisering fra din Disqus-, Facebook-, Twitter- eller Google-konto for å poste kommentarer.

Nyheter på mobilen

Få de siste nyhetene på mobilen!

Dersom du åpner strandbuen.no fra en iPhone eller annen smarttelefon vil du få opp en tilpasset utgave tilpasset små skjemer.

Send inn tips

Nyhetstips? Skjer det noe?

Vi er takknemlige for alle slags tips.

Tips oss på 51 74 47 50 / 400 08 750 eller redaksjon@strandbuen.no. Du kan også tipse enkelt med mobiltelefon via SMS/MMS. Send SBU TIPS (skriv tipset) til 1963

Do NOT follow this link or you will be banned from the site!