Du må være innlogget for å få tilgang til alle nyheter! Logg inn eller opprett brukerkonto.

Litt sivil ulydnad, takk

Litt sivil ulydnad, takk

 

Når byråkratiet trumfar fornufta, går det ut over avdøde tante Anna.

Tekst:

Publisert:

Dette handlar ikkje om mi tante Anna. Ikkje nokon andre si tante Anna heller. Det kan handla om kven som helst si tante Anna. Tante Anna har vore død i femti år. Nå har tante Anna fått dødens merke. Dødens merke er ein liten bit teip av den typen MacGyver reddar verda med.

Se bildet større

DØDENS MERKE: Eitt av mange gravminne i Årdal som har fått den illevarslande biten med MacGyver-teip. FOTO: Magnar Riveland

Gamle, ugifte tante Anna døydde seint på 60-talet. Ho blei gravlagd på kyrkjegarden i Årdal. Ei av niesene fekk ansvaret for å stella grava hennar. Det gjorde ho med glede. Minna om snille, gamle tante Anna kom sterkare fram då. Niesa stelte grava i tretti år medan minna om tante Anna gradvis blei svekka. Gleda var ikkje den same lenger. På tretti år hadde det blitt fleire graver å stella, med folk som hadde vore nærare enn tante Anna. Blomane på tante Anna si grav var ikkje like friske lenger. Niesa lét like godt graset få veksa inntil gravstøtta. Det såg betre ut enn visne blomar. Dessutan var niesa så gammal at ho visste at det ikkje var lenge att før ho sjølv trengte ei grav.

Etter at niesa døydde, fekk barna hennar rekninga med festeavgift for tante Anna si grav. Dei kunne så vidt huska ei gammal dame med kamferdrops i handveska som døydde då dei var små. Det var andre i slekta som var like nære tante Anna som mora deira hadde vore. Mora hadde berre vore snill og teke seg av det. Barna hadde andre graver å stella og andre folk å minnast. Dei blei samde om at dei ville slutta å betala for grava til tante Anna.

Gravstøtta til tante Anna blei likevel ståande. Støtta var ikkje i vegen for noko eller nokon, og ho fekk stå i fred. Skrifta var godt synleg og graset framfor blei slege saman med resten av graset på kyrkjegarden. Tante Anna fekk også stort sett kvila i fred, men av og til stoppa folk framfor gravstøtta. Slektningar som ikkje hadde budd i bygda på eit par generasjonar, men som hadde høyrt historier om tante Anna. Folk som såg namnet og byrja å diskutera kven ho kunne ha vore i familie med. Folk frå Amerika som delte etternamn med tante Anna, og som bladde i slektsbøkene dei hadde med seg for å finna henne der. Det var ikkje mange som stoppa der, men det var i alle fall nokon. Det var ikkje så mange andre spor etter tante Anna. Ingen andre stader der ho vekte folk si interesse. Ingen andre stader der ho fekk folk til å stoppa ei kort stund.

Der sluttar denne forteljinga om tante Anna som ikkje blir huska av så mange lenger, men som likevel er ein del av bygda si historie.

Ein kyrkjegard har begge desse funksjonane. Det er ein stad å gå for å minnast dei som har betydd noko for deg. Men det er også ein stad å gå for å sjå på namna og bli minna på historia og historiene. Kyrkjegarden fortel bygda si kulturhistorie. Eg har sjølv hatt mine ungar med på vandring på kyrkjegarden og fortalt historier om folk eg ikkje er i slekt med. Korleis dei levde og korleis dei døydde.

Se bildet større

SKAL VEKK: Graset er slege heilt inn til gravsteinen som med klare bokstavar fortel kven som kviler under den. FOTO: Magnar Riveland

Kyrkjekontoret og fellesrådet i Hjelmeland har bestemt seg for å rydda opp. Graver det ikkje blir betalt for og som er eldre enn så og så mange år, skal bort. Sjølv om det ikkje er trongt om plassen på kyrkjegarden på ein generasjon eller to. Sjølv om graset er grønt rundt gravstøtta og det ikkje er eit visna villnis der som skjemmer ut heile kyrkjegarden. Sjølv om skrifta tydeleg fortel kven som kviler i jorda under. Sjølv om det er vanskeleg å sjå kvifor gravstøtta skal vera til hinder, ulempe eller sjenanse.

Gravferdslova seier at gravminne utan festar skal fjernast. Ingen kan seia noko på at kyrkjekontoret og fellesrådet held seg til lovar og paragrafar, men det er neppe nokon som hadde reagert om dei lét det vera. Det er ikkje vanskeleg å forstå at det er byråkratisk korrekt å rydda opp. Det er vanskelegare å forstå kvifor det er nødvendig.

Se bildet større

GOD PLASS: Kapasiteten er ikkje sprengt på kyrkjegarden i Årdal. FOTO: Magnar Riveland

Det er fleire år sidan oppryddingsprosessen starta, men folk skal få tid til å tenka seg om når det gjeld fjerning av gravminna. I mellomtida er dei merkte med ein bit MacGyver-teip, dei gravminna som ingen betaler for, sjølv om dei ikkje er i vegen for nokon. Eg veit ikkje heilt kven som bør føla seg merkte av teipbiten, om det er tante Anna som er gløymd eller om det er slektningane som knapt huskar henne og ikkje betaler festeavgift. Den tida folk har fått til å tenka seg om, kunne dei som styrer kyrkjegardane godt ha brukt til det same. Tenka seg om. Om gravferdslova krev at gravminna skal vekk, trur eg kyrkjekontoret og fellesrådet hadde stått seg på å gjennomføra litt sivil ulydnad og la dei stå.

Eg går ofte over kyrkjegarden når eg luftar hunden. Det er noko uverdig over den grå teipen på minna som er reiste over folk eg kjenner til eller har høyrt om, og som fortel at snart skal dei lenger inn i gløymsla. Det mest verdige hadde vore å legga vekk byråkratiet og gravferdslova, riva teipen vekk frå gravstøttene og erkjenna at minne ikkje berre er personlege. Bygda har også eit kollektivt minne.

Nyheter fra andre aviser

Jærbladet

Solabladet

Sandnesposten

Bygdebladet

Gjesdalbuen

Dalane Tidende

Delta i debatten

Vil du kommentere sakene på Strandbuen.no?

Strandbuen benytter Disqus til debatt og til å kommentere saker og artikler. Du kan benytte innlogging/identifisering fra din Disqus-, Facebook-, Twitter- eller Google-konto for å poste kommentarer.

Nyheter på mobilen

Få de siste nyhetene på mobilen!

Dersom du åpner strandbuen.no fra en iPhone eller annen smarttelefon vil du få opp en tilpasset utgave tilpasset små skjemer.

Send inn tips

Nyhetstips? Skjer det noe?

Vi er takknemlige for alle slags tips.

Tips oss på 51 74 47 50 / 400 08 750 eller redaksjon@strandbuen.no. Du kan også tipse enkelt med mobiltelefon via SMS/MMS. Send SBU TIPS (skriv tipset) til 1963