Du må være innlogget for å få tilgang til alle nyheter! Logg inn eller opprett brukerkonto.

Tips til enkel påskepynt

Tips til enkel påskepynt

Friske vårfargar skapar ei god stemning rundt påske-frukostbordet, og når me har ferie og fri har me litt betre tid til å pynta litt ekstra. FOTO: Linda Tungland

Lag eit koseleg påskebord med enkle grep. Interiørkonsulent Hilde Hauge har tips til søte, små garnduskar, blomster av eggekartong og harepus av dorull.

Tekst:

Publisert:

Oppdatert:
22.03.2016 kl 14:56

Dei fargerike serviettane la grunnlaget for eit fargerikt påskebord. I staden for å skriva så mykje denne gong, blir det berre litt bilde av dagens frukostbord. Sjølvsagt litt ekstra pynta for anledningen.

Se bildet større

Ser det ikkje freistande ut å setja seg ved dette frukostbordet? FOTO: Hilde Hauge

Bak fasaden blir det jo at mor av og til søv lenger og et frokost etter resten. Er visst i påskemodus allereie. Kanskje ikkje så rart med tre ungar springande og kranglande rundt og ein bonde som stressar for å få gjort ting før han tar nokre få, men vel fortjente, feriedagar på Gullingen.

Eg kjenner vel litt på det eg også med litt ulike deadliner. Men då er det jo og ekstra godt med ferie når det er gjort.

Se bildet større

Yndige, små påskeduskar på gåsungane. FOTO: Hilde Hauge

Eg og Frida har laga litt påskepynt som er enkel å laga. Små søte garnduskar på gåsungane i forskjellige fargar.

Se bildet større

Garnduskane er veldig enkle å laga. FOTO: Hilde Hauge

Litt garn surra rundt ein gaffel, knytt ein tråd rundt og klypp endane. Limar du auger og nebb på, blir det ein søt og pjuskete kylling.

Se bildet større

Lyslenkeblomster laga av eggekartong og ei lyslenke. FOTO: Hilde Hauge

Blomster av eggekartong til batterilyslenka. Klypping og litt maling var alt som skulle til.

Se bildet større

Søt dorull-kanin som er enkel å laga. FOTO: Hilde Hauge

Harepusen er laga av tørkerull/dopapirrull. Så enkel at den ikkje treng framgangsmåte, men viss du likevel treng det så har dei det på Søstrene Grene.

Se bildet større

Egga er farga med konditorfarge og laukskrell. FOTO: Hilde Hauge

Farga egg høyrer med i påska. Dei gule er farga av litt laukskrell, resten med konditorfarge.


God påske!

Se bildet større

God stemning ved det påskepynta frukostbordet. FOTO: Hilde Hauge

Nøkkelord

Se bildet større

Fargerikt og enkelt. FOTO: Hilde Hauge

Nyheter fra andre aviser

Jærbladet

Solabladet

Sandnesposten

Bygdebladet

Gjesdalbuen

Dalane Tidende

Delta i debatten

Vil du kommentere sakene på Strandbuen.no?

Strandbuen benytter Disqus til debatt og til å kommentere saker og artikler. Du kan benytte innlogging/identifisering fra din Disqus-, Facebook-, Twitter- eller Google-konto for å poste kommentarer.

Nyheter på mobilen

Få de siste nyhetene på mobilen!

Dersom du åpner strandbuen.no fra en iPhone eller annen smarttelefon vil du få opp en tilpasset utgave tilpasset små skjemer.

Send inn tips

Nyhetstips? Skjer det noe?

Vi er takknemlige for alle slags tips.

Tips oss på 51 74 47 50 / 400 08 750 eller redaksjon@strandbuen.no. Du kan også tipse enkelt med mobiltelefon via SMS/MMS. Send SBU TIPS (skriv tipset) til 1963