Du må være innlogget for å få tilgang til alle nyheter! Logg inn eller opprett brukerkonto.

Heilt topp på topptur utan sikt

Heilt topp på topptur utan sikt

Ut på tur, aldri sur! Litt kvalmande, eigentleg, men om musklane er stive, sikta null og motbakken brattare enn fandens oldemor, så blir eg likevel glad av å gå på tur i den fantastiske fjellheimen vår. FOTO: Elin Moen Karlsen

Bergefjellet-Vikastakken; topptur med god utsikt. Verkar freistande, ikkje sant? I alle fall for ei som elskar bratte oppoverbakkar, åndelaus utsikt og å overvinna seg sjølv.

Tekst:

Publisert:

Oppdatert:
24.03.2016 kl 21:32

Jepp, det var utgangspunktet. Eg hadde allereie vore fleire gonger til Bergefjellet og sett avstikkaren til Vikastakken. Hatt lyst å ta turen, fordi eg tenkte at det bare er ein liten time ekstra.

På Ut.no blir det opplyst at det er ein fem timars tur (tur-retur, altså). Hm, nå er ikkje eg av typen som planlegg så lenge og godt, er litt meir impulsiv og spontan. Eg hadde ikkje stått opp grytidleg for å nytta dagen og koma meg ut på tur medan det framleis var litt godvêr å spora.

Neidå, eg kjørte heimefrå i 12-tida framleis usikker på om eg verkeleg skulle ta sjansen på å gå fem timars-turen til Vikastakken eller om eg bare skulle «seifa» med Bergefjellet.

Se bildet større

Tidleg utsikt mot Sokkanuten. FOTO: Elin Moen Karlsen

Eg henta Chelsea og gjekk av garde. Chelsea må vera det mest fjellvante vesenet i Forsand. Ho kan visstnok alt som er av stiar og turløyper i kommunen. Eit godt turfølge for eit litt meir urutinert vesen frå nabokommunen, med andre ord.

Klokka blei eitt før eg slapp Chelsea laus nede ved ballbingen i Bergebakkane og tok sats på den knallbratte stien oppover mot Bergefjellet. Som vanleg mista eg raskt pusten.

Med føter tunge som murstein etter seks timars intensiv kjøring på slalåm dagen før gjekk bakkane for å seia det mildt litt trått.

Etter kvart som høgda over havet steig blei det klart for meg at noko grått kom sigande innover Forsand. Tre turgåarar eg trefte på midtvegs i bakkane fortalde at jodå, det var muleg å ta turen til Vikastakken, men at det var litt snø i stien og litt skodde høgare oppe.
Skodda kom raskt og regntung. Då eg skulle kikka over den stupbratte kanten mot Bergebakkane, kunne eg så vidt skimta dei nye husa der nede. Eg hadde ikkje ennå bestemt meg for kva eg skulle gjera.

Se bildet større

Litt utsikt fekk me då før tåkehavet seig heilt innover Forsand-heia. FOTO: Elin Moen Karlsen

Då me kom til avstikkaren mot Vikastakken gjekk Chelsea vanen tru rett fram. Eg stoppa opp. Chelsea klynka forvirra. Eg sa til ho at nå måtte ho visa meg vegen til Vikastakken, og ho kom springande logrande tilbake og inn på stien mot Vikastakken.

Her var det mykje opp og ned, surklande myrer, nesten botnlause snøfenner i stien, motstridige lyngtuer og vått, tåkelagt og uoversikteleg. Chelsea og eg vandra likevel framover.

Chelsea er lettare enn meg og har to føter meir enn meg, så ho sprang lett oppå snøfennene. Eg klarte bare det tidvis, og datt fleire gonger nedi til langt oppå låret. Eg kom fram til postkassa der det var skilta vidare til Vikastakken og toppen, og blei veldig i tvil om kvar eg skulle gå vidare.

Se bildet større

Jodå, retningen er ikkje vanskeleg å finna. FOTO: Elin Moen Karlsen

Til slutt valde eg å gå mot Vikastakken til høgre. Etter ein liten kilometer der me kom til det eg trur er Svartavatn gav eg opp. Skrått terreng, våt snø og null sikt. Det er inga skam å snu, sa eg til meg sjølv.

Då me kom til postkassa igjen, tenkte eg at når eg først har kome så langt så må eg nå prøva å gå mot toppen det er skilta mot. Mot venstre altså, men her fann eg verken eg eller Chelsea stien, så då snudde eg igjen.

Se bildet større

Me kom i alle fall til postkassa og skiltet. Nesten framme, men ikkje framme likevel... FOTO: Elin Moen Karlsen

Så var det bare å koma seg bort mot Bergefjellet og ned igjen. Lunka te, tørt frukostbrød og sjokolade sette tidvis mot i både meg og bikkja. Vatnet i skoa frå myra etter avstikkaren mot Vikastakken blei heldigvis kjapt oppvarma slik at det heldt varmen i føtene.

Se bildet større

Her gav me opp. Trur det er Svartavatn. FOTO: Elin Moen Karlsen

Konklusjonen etter turen er at eg ikkje heilt veit kvar eg har vore, det var stort sett vondt så lenge det varte og eg såg ikkje ein drit! Vanlegvis er topputsikta premien for slitet og du gløymer alt det vonde, men her var det ingen premie å spora.

Likevel tok eg meg i å smila nøgd der Chelsea og eg gjekk langs vegen. Tenk å bli glad av å pina seg sjøl! Og eg veit eg ikkje er aleine. Eg har kome fram til at det i botnen handlar om å overvinna seg sjølv og naturen. Du kjem deg til topps trass i dei utfordringane du møter. Det er veldig tilfredsstillande for eit lite menneske i den svære naturen.

Se bildet større

Selfie av ei som faktisk er ganske blid trass i null sikt, klissvåte føter og etter å ha snudd før ho har nådd målet og toppen. FOTO: Elin Moen Karlsen

Neste gong skal eg nå toppen av Vikastakken! Og då skal det ikkje vera skodde…

Heldigvis fekk eg ein tur med sprekingane i Austrått fjellvandrar & turkompani til Tindebergfjellet i strålande vårvêr tre dagar etterpå. Denne turen kan du lesa om i Strandbuen etter påske.

God påske og god tur!

Se bildet større

Chelsea er endå gladare i bratte oppoverbakkar enn meg. FOTO: Elin Moen Karlsen

Se bildet større

Jodå, litt slitsamt å kava seg fram i desse blaute fennene. FOTO: Elin Moen Karlsen

Se bildet større

Kor blei Bergebakkane av? Kor blei Forsand og resten av verda av? FOTO: Elin Moen Karlsen

Se bildet større

Opp og fram skal me! FOTO: Elin Moen Karlsen

Se bildet større

Chelsea drikk te. FOTO: Elin Moen Karlsen

Nyheter fra andre aviser

Do NOT follow this link or you will be banned from the site!