– Veldig urettferdig

10-15 elevar går på bussen på Prestagarden, men det er ikkje alle som får gratis skuleskyss. (Foto: Magnar Riveland) FOTO: Magnar Riveland

Nokre av elevane som tek bussen frå Hjelmeland sentrum til Strand vidaregåande skule, får reisa gratis. Medan andre elevar som reiser frå den same busshaldeplassen, må betala. – Urettferdig og uforståeleg, seier ungdomane.

Tekst:

Publisert:

Oppdatert:
30.09.2016 kl 08:38

Strandbuen.no
Strandbuen A/S

Det er Rogaland fylkeskommune som har bestemt at dei som bur i Hjelmeland sentrum har så mange kollektivtilbod at dei må kjøpa ungdomskort til 350 kroner månaden. Ungdomane i resten av kommunen har rett på gratis skyss til Strand vidaregåande skule.

– Merkeleg ordning.
– Det er veldig få kollektivtilbod frå Hjelmeland.
– Alle bussane herifrå går innom enten berre Årdal eller både Årdal og Fister, og alle båtane herifrå går innom Fister.

Reaksjonane frå dei fem første i busskuret ein tidleg onsdag morgon er ganske klare. Ordninga er urettferdig og uforståeleg. Naboar på Kvame og Steinsland, eit par kilometer frå sentrum, blir behandla ulikt. Bussen startar frå Hjelmelandsvågen på morgonen. Ungdomane i busskuret på Prestagarden står på første haldeplass, og kjem frå sentrum eller innover mot Kvame og vidare mot Vormedalen.

Se bildet større

Andrine Hetland (nummer to frå venstre) bur litt utanfor sentrum, og reiser gratis. Martin Ødegård Jørmeland, Mari Hetlesæter, Renate Åsland Håland og Gunnbjørg Hetlesæter bur nærare sentrum og må kjøpa ungdomskort til 350 kroner i månaden. På fritida har ingen av dei bruk for ungdomskortet. FOTO: Magnar Riveland

Somme må betala på bussen, andre må ikkje. Bussen går vidare til ferjekaien. Dei som kjem med ferja, betalar ikkje. Neste stopp er på Pundsnes. Der må ungdomane betala. På Kleppa er bussen i utkanten av det som blir kalla sentrum att, og somme av ungdomane må betala. Dei er dei siste. Resten av ungdomane på Byrkja, Fister og Årdal reiser gratis.
– Det er ei veldig urettferdig ordning, slår ungdomane fast.

Det er ikkje lett å peika på dei mange kollektivtilboda for ungdomar i Hjelmeland sentrum, enten det gjeld alternative reisemåtar til skulen eller reiser på fritida. Ungdomane frå Hjelmeland sentrum må ta ferjeturar til Nesvik eller Ombo om dei skal få bruk for ungdomskortet sitt. Andre alternativ finst knapt.

Varaordføraren i Hjelmeland, Lin Veronica Jacobsen (Ap), sit også i fylkessamferdselsutvalet. Ho kjenner godt til denne saka.

– I sentrale strok fungerer det veldig bra. Ungdomane bruker ungdomskorta mykje på fritida. På Hjelmeland er tilboda så få at det er lite bruk for ungdomskorta, konstaterer ho.

Ho slår likevel litt kaldt vatn i blodet på dei som trur at ungdomane frå Hjelmeland sentrum får gratis skyss.

– Eg trur at om me oppnår noko som helst i første omgang, er det likebehandling som blir resultatet. At alle må betala. Gratis skyss for alle blir den neste kampen, men fylkeskommunen er redde for at det skal skapa presedens. Eg trur frykta er ugrunna. Det er ikkje mange elevar i fylket som har så dårleg kollektivtilbod som dei frå Hjelmeland, meiner ho.

Siste nytt i Nyheter

Har overtatt kaien i Vågen
ANNONSE
Treng ein halv million til klubbhus
 
Vogntog i grøfta
Prøver igjen med ny boks til turboka
Mekling om gang- og sykkelsti
 

Nyheter fra andre aviser

Jærbladet

Solabladet

Sandnesposten

Bygdebladet

Gjesdalbuen

Dalane Tidende

ANNONSE