Fall og slo seg på glatt skuleveg

I dette området var det svært glatt for fotgjengarar og syklistar måndag morgon. FOTO: Jens Bjørheim

Måndag morgon var det glattare på skulevegen enn rekna med. Det fekk skulebarn på Tau erfara. Fleire fall og slo seg.

Tekst:

Publisert:

Oppdatert:
19.12.2017 kl 09:14

Strandbuen.no
Strandbuen A/S

– Det var heilt speilblankt på skulevegen. Eigentleg såg det ikkje glatt ut, for det hadde regna og var vått, men likevel var det eit tynt lag med is. Eg såg fleire skulebarn som fall, og enkelte slo seg, fortalde Katrine Nordbø til Strandbuen måndag morgon. Hennar eigen son på sju år datt og slo seg kraftig i hovudet. – Me har mistanke om at han kan ha fått hjerneristing, sa mora.

Ho la til at gang- og sykkelvegen på strekninga frå Prix-butikken og nordover mot Karlsakrossen var særleg glatt, og at barna sleit med å koma seg ned bakken mot Karlsakrossen. Her var det tryggast å gå i grøfta. Også ein gangsti som går frå riksvegen og opp langs Tauåna og vidare til skuleområdet var glatt. Katrine Nordbø syntest strøinga burde ha vore betre.

Ole Tuntland, som er driftsleiar for samferdsel i Strand kommune, fortel om vanskelege forhold måndag morgon. Han fekk fleire telefonar om glatte vegar og fortau.
– Ein skulle tru at regn og mildvêr gjorde det mindre glatt, men då det slutta og regna måndag morgon og klarna opp, blei det svært glatt trass i varmegradene. Me var ute allereie i femtida og salta, og prioriterte bratte bakkar og skulevegar, opplyser han.

Se bildet større

Det har vore mykje is på vegar og fortau dei siste dagane. FOTO: Jens Bjørheim

Tuntland legg til at hovudoppgåva til kommunen er å gjera vegar og fortau framkomelege, det vil fyrst og fremst seia å fjerna snø. Folk må derfor vera obs på at det uansett kan vera glatt. Saltet fungerer ikkje alltid like godt, og kommunen vil helst unngå å bruka sand. Han fortel at vêrforholda den siste uka har gjort det ekstra vanskeleg å halda isen vekke frå gater og fortau. I slutten av sist veke blei fortaua i Jørpeland sentrum prioriterte, slik at glatta ikkje øydela for julehandelen. Tuntland fortel at det har gått med store mengder salt for å prøva og få vekk isen. Enkelte stader har det blitt brukt sand.

OIe Tuntland synest fotgjengarar bør bli flinkare til å utstyra seg med broddar under skoa når det er fare for glatte fortau. Han påpeiker samtidig at ansvaret for strøing er delt. Fortau og sykkelstiar langs riksvegen er Statens vegvesen sitt bord. Mesta har jobben med å passa på langs riksvegane i Strand.

– Når det gjeld glatt skuleveg på Tau, beklagar me å ha gløymd å strø på gangstien langs Tauånå måndag morgon, men stien langs riksvegen er ikkje vårt ansvar, seier Tuntland.

Sigbjørn Sande, driftsleiar for bygg og vedlikehald i Statens vegvesen, fortel at det blei salta både kvelden før og om morgonen på sykkelstien langs riksvegen på Tau. Men han legg til at dei svært utfordrande vêrforholda gjorde at det likevel blei glatt.

– Saltet frå kvelden før har truleg regna vekk, og så har det klarna opp og frose på igjen på eit uheldig tidspunkt. Det er blitt gjort ein god jobb for å unngå glatta, men det var som sagt problematiske forhold i heile distriktet denne morgonen, seier han.

De var ikkje lenger glatt i det aktuelle området på Tau då Strandbuen var der utpå på formiddagen.

Nøkkelord

Siste nytt i Nyheter

Har overtatt kaien i Vågen
ANNONSE
Treng ein halv million til klubbhus
 
Vogntog i grøfta
Prøver igjen med ny boks til turboka
Mekling om gang- og sykkelsti
 

Nyheter fra andre aviser

Jærbladet

Solabladet

Sandnesposten

Bygdebladet

Gjesdalbuen

Dalane Tidende

ANNONSE