Førjulsgåve frå Havbruksfondet

KREV AVGIFT: Staten krev inn avgift når nye oppdrettsanlegg blir etablerte eller utvida. Pengane går til kommunar som er vertskap for oppdrettsanlegg. FOTO: John Petter Nordbø

Fiskeriminister Per Sandberg (Frp) betaler i dag for første gong ut pengar til fylkeskommunar og kommunar frå det nye Havbruksfondet. Hjelmeland kommune får 200.000 kroner ekstra til jul.

Tekst:

Publisert:

Strandbuen.no
Strandbuen A/S

Havbruksfondet er oppretta i staden for å gi kommunane høve til å krevja ei arealavgift av oppdrettsanlegg. Kvar gong det blir tildelt nye oppdrettskonsesjonar, blir det kravd inn ei avgift til fondet. Oppdrettarane betaler også inn avgifter til fondet når dei utvidar anlegga eller har vekst i mengden fisk i anlegga sine.

Pengane som blir kravde inn blir i hovudsak betalte ut att til alle fylkeskommunar og kommunar som har oppdrettsanlegg – både nye og eksisterande anlegg.

For åra som kjem skal det betalast ut frå Havbruksfondet i oktober kvart år. 2017 er første året det er utbetaling, og det er 60 millionar kroner som blir delte ut i år.

Hjelmeland kommune får mest av kommunane i Ytre Ryfylke. Sjølv om Hjelmeland er kjend som ein oppdrettskommune, får nabokommunar som Suldal og Finnøy utbetalt meir. Årsaka er at sjølv om Hjelmeland har industri knytt til havbruk, ligg mange av sjøanlegga i andre kommunar.

Utbetalingar frå Havbruksfondet 2017

Hjelmeland 198.296 kroner
Strand 78.966 kroner
Forsand 15.007 kroner

Suldal 294.389 kroner
Finnøy 917.554 kroner

Rogaland fylkeskommune 430.437 kroner

Siste nytt i Nyheter

Har overtatt kaien i Vågen
ANNONSE
Treng ein halv million til klubbhus
 
Vogntog i grøfta
Prøver igjen med ny boks til turboka
Mekling om gang- og sykkelsti
 

Nyheter fra andre aviser

Jærbladet

Solabladet

Sandnesposten

Bygdebladet

Gjesdalbuen

Dalane Tidende

ANNONSE