– Viser eit underleg menneskesyn

Oddatjørndammen held på plass 2.000 millionar kubikkmeter med vatn. Bryt dammen saman, vil vatnet strøyma ned Ulladalen. (Foto: Statkraft)

Hjelmeland kommune klaga tidlegare i haust på Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) si klassifisering av konsekvensane med eit dambrot i Oddatjørndammen i Blåsjø. Ordførar Bjørn Laugaland (Sp) reagerer på NVE's menneskesyn.

Tekst:

Publisert:

Oppdatert:
08.12.2017 kl 13:44

Strandbuen.no
Strandbuen A/S

Eit dambrot vil føra til at 307.000 kubikkmeter med vatn i sekundet vil fløyma nedover Ulladalen og bygda Jøsenfjorden. Vasstanden ved fjorden vil stiga med 35 meter og heile bygda blir lagt aude. NVE meinte likevel at 70 husstandar var så lite at det ikkje var nødvendig å plassera dammen i høgaste konsekvensklasse. Det førte til klage frå kommunen.

– Trengte me eigentleg å bruka ressursar på å meina noko om dette? Dette er så avgjort at eg tvilar på at Olje- og energidepartementet vil ta klagen vår til følgje, sa Håkon Helgøy (KrF) då formannskapet blei orienterte om klassifiseringa denne veka.

– Eg trur heller ikkje me får medhald, men NVE legg for dagen eit underleg menneskesyn når dei meiner det er så få i Jøsenfjorden at det ikkje er så farleg. Det er greitt at me markerer kva me meiner om det, understreka ordførar Bjørn Laugaland (Sp).

Siste nytt i Nyheter

Har overtatt kaien i Vågen
ANNONSE
Treng ein halv million til klubbhus
 
Vogntog i grøfta
Prøver igjen med ny boks til turboka
Mekling om gang- og sykkelsti
 

Nyheter fra andre aviser

Jærbladet

Solabladet

Sandnesposten

Bygdebladet

Gjesdalbuen

Dalane Tidende

ANNONSE