Vil strama inn buplikta

Bjarte S. Dagestad sa til kommunestyret onsdag at han ikkje trur at buplikt fremjar bulyst i Forsand.

Forsand Bygdalista fremma ein interpellasjon om å oppheva buplikta i kommunestyret på onsdag, men fleirtalet ville heller strama inn.

Tekst:

Publisert:

Oppdatert:
14.12.2017 kl 16:58

Strandbuen.no
Strandbuen A/S

– Hjelmeland kvitta seg med buplikta for 15 år sidan, og har ikkje opplevd nokre skrekkeksempel etter dette. Tvert imot har dei opplevd at folk ei stund har budd litt begge stader og etter kvart flytta inn, begynte ordførar Bjarte Sveinsvoll Dagestad (H) debatten.

Han stilte vidare spørsmål ved korleis ein eigentleg kan handheva buplikta.
– Ved angjeveri eller dynelyfting? Buplikt gjev ikkje bulyst. Viss unge som kjem hit og byggjer hus, etter nokre år må flytta på grunn av for eksempel jobb, får dei ikkje selt huset til marknadspris og tapar mykje pengar på grunn av buplikta, peika Dagestad på.

– Det blir eit pris-race viss ein opphever buplikta, og då skvisar ein ut dei unge som har lyst til å busetja seg permanent. Hyttefolk finn fine hus og område, dei bur i ein annan kommune, har ungar i barnehage og skule i ein annan kommune og skattar til ein annan kommune, uttalte Guro Heggemsnes Fløysvik (KrF).

Gallup

Bør buplikta i Forsand opphevast?

Ja
Nei

Vis resultat

– Då eg som førstegongsetablerar kjøpte hus på Mælsmoen for rundt 15 år sidan var det mange på visning, men mange snudde i døra på grunn av buplikta. Eg fekk huset for 550.000 kroner, men den prisen kunne fort ha dobla seg med alle dei interesserte hyttekjøparane som var der, om det ikkje hadde vore buplikt. Spørsmålet er vel heller om ein skal strama inn buplikta, sa Paul Løland (Sp).
Bygdalista peika i interpellasjonen på at Sandnes kommune ikkje har buplikt, og at denne forsvinn når dei to kommunane blir slått saman i 2020. Derfor ville dei søkja om oppheving allereie nå.

– Me trur at det å oppheva buplikta kan hjelpa på eigedomsmarknaden og tilflyttinga til kommunen, sa dei i interpellasjonen.

Fleire av motstandarane mot å ta vekk buplikta peika på at Nye Sandnes kan velja å ha område kor buplikta framleis gjeld. Kommunestyret gjekk inn for at dei skal ha ei eiga sak om å strama inn buplikta på sitt møte i februar neste år.

Det står også om buplikt-interpellasjonen i avisa fredag, men der står det bare at saka skal takast opp, ikkje at eit fleirtal med 11 representantar ønskte innstraming. Me beklagar denne feilen.

Siste nytt i Politikk

Set døra på gløtt for Nye Sandnes
ANNONSE
Delte meninger om privat hurtigbåt
 
– Det har gått heilt greitt utan buplikt
Vil ha ein ny runde med skuledebatt
Ble valgt til generalsekretær
 

Nyheter fra andre aviser

Jærbladet

Solabladet

Sandnesposten

Bygdebladet

Gjesdalbuen

Dalane Tidende

ANNONSE